Sogn og Fjordane Skrivelag

Sogn og Fjordane Skrivelag er sett saman av ca tretti skriveglade medlemer, i alderen tjue til åttiåtte år. Olaug A Haugen har vore leiar sidan 2006.
Vi har skrivekurs to gonger årleg, vår og haust. Dugande lærarar har vi hatt, som Solfrid Sivertsen, Rolf Losnegård, Ove Eide, Rolf Sagen, m.fl. Kursa er opne for alle og minst eit av dei prøver vi å vinkle særleg med tanke på dei unge.
Elles prøver vi å få til minst ei dagsamling, for medlemer, denne vert gjerne lagt til sommaren.
Medlemsbladet vårt ber namnet “Skrivekløa”. Det kjem ut to – fire gonger i året og er ein fin stad å debutere med tekstar, i tillegg til at det inneheld nyttig informasjon.
Dei fleste er med på eit kurs eller to før dei eventuelt bestemmer seg for å søkje om medlemskap. Det kan ein gjere på følgjande måte:
Ein sender inn tekstar, minimum ti sider, til leiaren, som så sender det vidare til juryen, der det sit tre personar. Tekstane bør vere så varierte som råd, dvs at ein viser at ein kan skrive både dikt og prosa. Juryen vurderer så tekstane, og kjem med si uttale. Terskelen er ikkje avskrekkande, men ein må vise at ein har skriveglede, meistrar språket og minst eit par litterære sjangrar.
Medlemene får tilsendt Skrivekløa, dei får tilbod om kurs, dei får vere med i eit kreativt miljø, og dei får høve til å vere med i antologiar som Skrivelaget gjev ut.
I 2005 fylte Skrivelaget tjue år og i det høvet kom boka: Tankar møtest. Dei fleste medlemene er representerte i antologien som femner om både lyrikk og prosa.
Vi har ei side på Origo, denne er berre tilgjengeleg for meddlemer. Der vil ein finne tekstar og informasjon. Tanken er å få til ei opa side der vi kan leggje ut t.d. informasjon om kurs.

Vist 506 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Er det mogeleg å få kjøpe bøkene som skrivelaget gir ut?? Og er der medlemer som har gitt ut bøker åleine?

Bøkene som Skrivelaget gjev ut, er til sals ved lokale bokhandlar i fylket og kan også kjøpast frå medlemmer i laget. Elles er det fleire av medlemmene som har gjeve ut bøker. Kanskje eg skulle lage ei liste over desse. Nokre har gjeve ut på eige forlag, andre på kjende forlag, som Oktober og Samlaget m.a.

Er det målfrihet? Eller er det bare målfridom som er akseptabelt?

Her herskar det fullstendig fridom når det gjeld kva målform ein vil bruke, vi har hatt søknader på nynorsk, bokmål, engelsk

“Skriv, Vestlendingar, skriv! heter ei sone skrivelaget laga som er åpen for alle.

Skrivelaget har fått nye nettsider: skrivelaget.com

Og vi er på Facebook: www.facebook.com/skrivelaget

Annonse